Nyretransplanterte treng ofte mange COVID-vaksinar

Vaksinane skal styrkja immunforsvaret, men samstundes får pasientane legemiddel som skal hemma det same immunforsvaret.

Ei hand med gummihanske som held eit glas med Moderna-vaksine

Moderna-vaksinen er den som flest nyretransplanterte har fått. Foto: Pixabay

Når nokon får transplantert inn ei nyre eller eit anna donororgan, vil immunforsvaret oppfatta det nye organet som ein inntrengjar og prøva å hindre det i å etablera seg i kroppen. Pasientane får derfor legemiddel som hemmar immunforsvaret, slik at det ikkje skal støyta bort det nye organet.

Men dermed klarar heller ikkje immunforsvaret å gjera den vanlege jobben sin så godt som før, slik at kroppen er meir mottakeleg for infeksjonar. Det fekk alvorlege fylgjer då COVID-19 skolte over verda.

– Før vaksinane kom, var dødelegheita blant nyretransplanterte smitta med COVID svært høg i Europa. Vi erfarte heldigvis at mange av våre pasientar her til lands i stor grad isolerte seg sjølve ved å dra på hytta eller minimera kontakta med andre på andre måtar.

Kolliderer med oppgåve

Det seier Anders Åsberg, professor II ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo og dagleg leiar av Nyrefysiologisk laboratorium ved Rikshospitalet, sjukehuset der alle nyretransplantasjonar på norsk jord vert utførte. Rundt 250–300 slike operasjonar vert gjorde kvart år.

Etter at vaksinane kom, har situasjonen for nyretransplanterte blitt betre. Sjølv om dødelegheita framleis ligg over gjennomsnittet, er ikkje forskjellen like dramatisk som tidlegare.

– Men vaksinane verkar jo ved å få kroppen sitt immunforsvar til å produsera antistoff sjølv. Det kolliderer med oppgåva til dei immundempande medisinane pasienten får, seier Åsberg.

92 % av pasientane har teke prøve

Anders Åsberg
– Har pasienten fyrst hatt litt effekt av ein dose, vil neste dose gje ein boost, seier Anders Åsberg. Foto: UiO

Det betyr ikkje at alt håp er ute for nyretransplanterte, men dei har behov for tettare oppfylgjing for å kontrollera kor godt vaksinen har fungert. Sidan Rikshospitalet har oversikt over alle nyretransplantanterte – det er som nemnt der operasjonane vert utførde – har dei kunna fylgja opp alle pasientane.

– Dei har fått tilsend rekvisisjon for blodprøve, slik at dei kan gå til nærmaste stad prøvar kan takast og få de sendt til oss. Prøvane frå heole landet vert så analyserte  Immunologisk institutt på OUS Rikshospitalet. I tillegg kan vi bruka opplysningane i forskinga vår, fortel Åsberg, og legg til at så mange som 92 % av pasientane har teke prøve på eitt eller anna tidspunkt undervegs.

– Men svarprosenten har naturleg nok dabba av etter kvart som COVID ikkje pregar samfunnet i like stor grad lenger.

Dei fyrste i verda

Blodprøvane viste at medan nokon av nyretransplanterte hadde god effekt av vaksinen og utvikla antistoff mot Pandemiviruset, var det andre som ikkje responderte på fyrste, andre eller tredje vaksinedose.

– Men det vi såg, var at blant dei som ikkje hadde effekt av fyrste to dosane, hadde rundt 10 prosent noko effekt av dose 3. Blant dei som ikkje hadde effekt av dose 3, fekk 10 prosent igjen noko effekt av dose 4, og så vidare, fortel Åsberg.

– Og når du fyrst har hatt litt effekt av ein dose, vil neste dose gje ein boost, slik at mengda av antistoff i kroppen aukar. Slik kan ein etter kvart få beskyttelse, ikkje så mykje mot å bli smitta, men risikoen for innlegging i sjukehus eller død vert betydeleg redusert.

Åsberg fortel at dei er dei fyrste i verda som har undersøkt effekten av dosane 6 og 7, og mønsteret er det same som andre tidlegare har funne opp til fjerde og femte vaksinedose.

Utvikling i rasande fart

Han opplyser at ein av pasientane deira har fått så mange som ti vaksinedosar, medan fire har fått ni. Frekvensen av biverknadar frå vaksinen er likevel uendra sjølv etter så mange dosar.

– Dersom kroppen absolutt ikkje kjem i gang med å produsera antistoff sjølv, finst det eit alternativ, som er antistoff som vert produserte i laboratoriet. Men det er kanskje hundre gonger så dyrt som ein vaksinedose, og vaksinane er òg lettare tilgjengelege rundt om i landet, seier Åsberg.

– Og uansett verkar ikkje dei syntetiske antistoffa på den nyaste COVID-varianten. Sjølv om utviklinga skjer i rasande fart, vil vi ikkje ha effektive syntetiske antistoff mot den nyaste varianten før rundt påsketider neste år.

Den vitskaplege artikkelen

Åsberg m.fl.: Humoral Response After 6 or More Successive Doses of SARS-CoV-2 mRNA Vaccines in Kidney Transplant Recipients—Should We Keep Vaccinating? Transplantation, Jul 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 21. aug. 2023 14:31 - Sist endra 6. mai 2024 10:37