Pandemi er kjipe greier, det er dei fleste einige om. Vi kom oss stort sett gjennom, men alt vart litt lettare då restriksjonane vart oppheva for eit års tid sidan.
For nokon var tida litt tyngre enn for andre. Graviditet og fødsel er store hendingar i livet, men kan òg vera litt skummelt, med bekymringar og spørsmål om alt vil gå bra og korleis livet etter fødselen vil bli.
Under pandemien vart det innført restriksjonar rundt fødselen som stramma inn dei rutinane som er vanlege i dag. Sjølv om partneren og mora i dei fleste tilfelle utgjorde éin kohort, som budde i same husvære og delte soverom og seng, fekk ikkje partneren vera med på fødselen, eller måtte reisa heim like etterpå medan mor låg att åleine på sjukehuset. Nokre gonger vart òg mor og barn skilde for ein periode.
Ikkje vesentlege forskjellar mellom landa
– Vi ynskte å talfesta kor mykje dette hadde påverka mødrene, seier Fatima Tauqeer, stipendiat ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
Dei allierte seg med forskarar i fire andre europeiske land: Belgia, Nederland, Storbritannia og Sveits. Med ei nettbasert spørjeundersøking henta dei inn svar frå i overkant av 5200 kvinner. Rundt to tredjedelar av dei var gravide. Resten hadde nyleg fødd, dvs. i løpet av dei tre føregåande månadane.
– Undersøkinga vart gjort sommaren 2021, under det som vert rekna som den tredje pandemibylgja. Restriksjonane i dei ulke landa var på dette tidspunktet ganske like, fortel Tauqeer.
– Det kan vera noko av grunnen til at vi heller ikkje fann nokon vesentlege forskjellar mellom landa.
Tidlegare mentale vanskar ein faktor
Deltakarane svarte anonym på ei rekkje spørsmål knytt til den mental tilstanden sin. Med utgangspunkt i standardiserte verkty for å vurdera mental helse kunne forskarane fastslå at ei av seks av desse kvinnene hadde betydelege symptom på angst eller depresjon. Det er noko meir enn i meir normale tider.
– Funna våre viser at fråveret av partneren har vore belastande, og at den generelle usikkerheita i pandemitida har auka denne belastinga, seier Tauqeer.
Sjølv om dei ikkje kunne fastslå årsakene, kunne dei identifisera fleire risikofaktorar som auka risikoen for at den gravide eller fødande skulle få symptom på angst eller depresjon.
– Ei historie med tidlegare mentale vanskar var ein av desse faktorane, kanskje ikkje så overraskande, seier Tauqeer.
Fleire moglege forklaringar
– Litt meir spesielt var det kanskje at dei som hadde hatt COVID-19, òg hadde auka risiko. Det veit vi ikkje heilt korleis vi skal tolka. Er det den tidlegare infeksjonen som lettare utløyser depresjon, eller er det heilt motsett: at personar med depresjonar lettare vert smitta?
Undersøkingar frå tidlegare i pandemien har vist liknande resultat som denne frå tredje pandemibylgje, men funna var endå litt meir uttalte no. Det har fleire moglege forklaringar, seier Tauqeer:
– Studiane har litt ulik metodologi, så vi kan ikkje eigentleg samanlikna dei direkte. Ei anna forklaring kan vera at belastinga aukar di lenger pandemien varer. Korleis myndigheitene har handtert krisa kan òg ha endra seg mellom undersøkingane.
Den vitskapelege artikkelen
Tauqeer m.fl.: Mental health of pregnant and postpartum women during the third wave of the COVID-19 pandemic: a European cross-sectional study. BMJ Open, Jan 2023