Gen som verkar mot brystkreft vert effektivt frakta til svulsten

Små bitar av RNA hemmar eit viktig kreftgen, men fyrst må dei koma seg til staden der dei skal verka.

Ahtar Mahdieh i kvit frakk i laboratoriet, omgitt av tekniske instrument

Athar Mahdieh utnyttar at kreftceller er negativt lada. Foto: UiO

Brystkreft er den vanlegaste typen kreft blant norske kvinner. Om lag ei av ti kvinner vil få brystkreft ei gong i løpet av livet. Det finst fleire typar behandling, men ingen av dei er utan ulemper. Stipendiat Athar Mahdieh ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo arbeider med å redusera ulempene for ein av desse metodane.

– STAT3 er eit gen som stimulerer cellevekst i kreftsvulsten. STAT3 kan òg føra til metastase, altså at kreften spreier seg til andre delar av kroppen, forklarar Mahdieh.

– Men det går an å hindra STAT3 sin aktivitet vesentleg ved hjelp av det som heiter siRNA, som står for small interfering RNA eller silencing RNA. SiRNA er små bitar av RNA som har som oppgåve å deaktivera eller hemma andre gen i å uttrykkja seg.

Frakta legemiddel fram til svulsten

Problemet er å få siRNAet fram til svulsten. Dersom det vert injisert i rein form, vert det berre skild ut att frå kroppen utan å gjera nokon nytte. Det let seg heller ikkje løysa i vatn, som er ytterlegare eit hinder for å bruka det i behandling.

– I forskingslitteraturen finn vi nokre populære transportørar, men som medfører nokre problem i denne samanhengen, seier Mahdieh.

– Men vi har tidlegare vist at vi kan frakta legemiddel fram til ein kreftsvulst ved å bruka det som heiter polyuretanar.

Negativt lada kreftceller

Polyuretanar er ein type syntetisk framstilte polymerar, kjemiske forbindelsar som består av kjedeforma molekyl. Dei har mange ulike bruksområde, til dømes kan både kjøkkensvampar og sykkeldrakter lagast av polyuretanar.

– Som transportør for siRNA brukar vi ei spesiell form av polyuretan som heiter ionen og som har ei ionegruppe som ein del av basen. SiRNA er negativt lada og transportøren positivt lada, så dei festar seg elektrostatisk til kvarandre, fortel Mahdieh.

– Kreftcellene er òg negativt lada, så når transportøren kjem fram til svulsten, har han lett for å trengja inn i cella. Positivt lada transportørar har lettare for å bli tiltrekt av dei negativt lada kreftcellene. Friske celler er nøytrale eller svakt positive, så dei vert i liten grad påverka.

Mykje meir treffsikker

Transportøren med siRNA har Mahdieh kapsla inn i hyaluronsyre, som nok ein del kjenner til som hudpleieprodukt. Hyaluronsyre finst naturleg i kroppen som ein viktig del av bindevevet. Eggceller er beskytta av eit lag hyaluronsyre, som sædcellene berre er i stand til å trengja gjennom ved hjelp av eit spesielt enzym.

– I vårt tilfelle brukar vi hyaluronsyre for aktiv målretting av transportøren. Hyaluronsyre bind seg til spesielle reseptorar, mottakarar på cellemembranen, som er overrepresenterte i kreftceller, seier Mahdieh.

– Dermed vert transportøren mykje meir treffsikker innkapsla i hyaluronsyre enn utan. Hyaluronsyra bidreg òg til at effekten på friske celler vert ytterlegare redusert.

Den vitskaplege artikkelen

Mahdieh m.fl.: Novel polyurethane-based ionene nanoparticles electrostatically stabilized with hyaluronic acid for effective gene therapy. Colloid and Surfaces B: Biointerfaces, Apr 2024

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 18. mars 2024 11:48 - Sist endra 18. mars 2024 13:09