Hardtrening er betre enn moderat trening for danning av nerveceller i hjernen

Trening stimulerer danning av nerveceller i hjernen til mus. Men det er ikkje likegyldig korleis treninga skjer.

Svart mus sett framanfrå

To grupper mus trena i tre veker. Foto: Freepik

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 20. des. 2024

– Det er gjort mange studiar som viser at trening er gunstig for danning av nye nerveceller i hjernen. Men det er få som har samanlikna effekten av høgintensitetstrening med mediumintens trening direkte, seier professor Cecilie Morland ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Det vanlege er å bruka enten det eine eller det andre.

Morland og kollegane har sett på danninga av nye nerveceller i to spesifikke område i hjernen. Det eine er i hippocampus, senteret for læring og hukommelse, medan nervecellene frå det andre vandrar i andre delar av hjernen.

– Vi let to grupper mus trena i tre veker. Vanlegvis har vi late mysene trena i åtte veker, men denne gongen var vi òg interesserte i om vi kunne sjå nokon effekt etter kortare tid. Det kunne vi, sjølv etter såpass kort tid, seier Morland.

Manglar eit gen

– Den eine gruppa trente høgintensitivt i tre veker, og dei andre mediumintensitivt. I begge gruppene såg vi som venta auka vekst i nerveceller. Det har det jo som sagt vore forska mykje på før. Det vi fann som var nytt, var at høgintensitiv trening var meir effektivt enn mediumintensitiv, og altså på kortare tid enn vi tidlegare har vist.

Cecilie Morland
– Sjølv etter kort tid kunne vi sjå forskjell i effekten av høgintensiv trening samnlikna med mediumintensiv, seier Cecilie Morland. Foto: UiO

Området som dannar nerveceller til hippocampus, heiter den subgranulære sona (SGZ), det andre området ventrikulær-subventrikulær sone (V-SVZ). I sistnemnde har gruppa til Morland tidlegare vist at mjølkesyre regulerer danning av nerveceller.

– Denne gongen òg samanlikna vi mus som manglar eit gen som gjer at dei ikkje har effekt av mjølkesyre i hjernen, med vanlege mus. Men vi såg ingen signifikant forskjell på dei to gruppene i SGZ, som dannar nerveceller til hippocampus, fortel Morland.

– I det andre området, V-SVZ såg vi derimot ingen effekt hjå mysene som mangla genet for effekt av mjølkesyre. Hjå dei vanlege mysene vart det her òg danna fleire nerveceller ved høgintensiv trening enn ved mediumintensiv.

Meir fokusert av trening

Fleire celler i senteret for læring og hukommelse hjå mus er vel og bra, men mysene sitt åndsliv er så vidt vi veit relativt fattig. Spørsmålet er om vi vil sjå den same effekten hjå menneske, om ein skal anbefala studentane om å intensivera treninga si før eksamen.

– Det er ikkje noko vi har sett på i denne studien, men det er eit veldig viktig poeng. Trening har både korttids- og langtidseffektar. Det vi har sett på i denne studien, er langtidseffektar av regelmessig trening, seier Morland.

– Men det kan vera lurt å trena før eller under eksamenslesinga, for ein korttidseffekt av trening er at en vert meir fokusert etterpå. Den mest intensive treninga bør ein kanskje likevel planlegga når ein skal ta. Det gjev ikkje særleg effektiv lesing om ein kollapsar på sofaen når ein kjem heim.

Den vitskaplege artikkelen

Lambertus, Geiseler, Morland: High-intensity interval exercise is more efficient than medium intensity exercise at inducing neurogenesis. The Journal of Physiology, Nov 2024

Publisert 20. des. 2024 10:19 - Sist endra 7. jan. 2025 06:17