forskning.no har tidlegare skrive om at talet på dødsfall etter utskriving kan reduserast med opptil ein tredjedel ved bruk av arbeidsmetoden IMM, eller Integrated Medicines Management på engelsk. Dette gjaldt multisjuke pasientar, altså pasientar som har meir enn ein sjukdom og som brukar fleire ulike legemiddel.
IMM består kort fortald av tre fasar: 1. Legemiddelsamstemming ved innlegging, 2. Fortløpande legemiddelgjennomgangar under opphaldet, og 3. Planlegging av vidare legemiddelbruk ved utskriving. Du kan lesa fleire detaljar ved å fylgje peikaren ovanfor.
– Med utgangspunkt i det same datasettet som vart brukt i studien ovanfor, har vi undersøkt legemiddelinformasjonen som pasienten får med seg ved utskriving, seier fyrsteamanuensis Liv Mathiesen ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
Legemiddelfeil kan oppstå i overføringssituasjonar
– Det gjeld både legemiddelliste, som vert brukt av helsepersonell, og eit skriv med informasjon til pasienten.
Ho forklarar at multisjuke er særleg sårbare for feil rundt legemiddelbehandlinga, sidan dei brukar fleire legemiddel og har samansette behov.
– Multisjuke blir gjerne innlagt på sjukehus oftare, og derfor har dei òg oftare overføringar mellom ulike deler av helseapparatet. Vi veit frå før at slike overføringssituasjonar er nettopp der legemiddelfeil fort kan oppstå, seier Mathiesen.
– Sårbarheita til denne gruppa gjer at forskingsgruppa vår har eit spesielt fokus på dei.
Studie på akuttavdeling
Like viktig som at legemiddellista er riktig, er skrivet med informasjon til pasienten.
– Det er viktig at skrivet er skrive på ein måte som ikkje er til å misforstå for pasienten. I staden for å skriva at en medisin skal takast «x2», bør ein skriva «ein tablett om morgonen og ein tablett om kvelden, forklarar Mathiesen.
– Vi veit frå før at 80 prosent av dei som vert lagt inn akutt på sjukehus, brukar minst eitt legemiddel annleis enn det som legen har bestemt og som står på legemiddellista.
Studien deira omfatta 384 multisjuke pasientar over 18 år på ei akuttavdeling på Oslo universitetssjukehus. For ei gruppe vart legemiddelhandteringa utført etter IMM-metoden, medan kontrollgruppe ikkje fekk noko spesielt regime.
Sju spørsmål
– Vi såg då at i kontrollgruppa var det berre ein tredjedel som fekk eit tilpassa informasjonsbrev med seg, medan i IMM-gruppa var det ni av ti som fekk det, seier Mathiesen.
– I informasjonen pasienten får med seg skal det òg gå tydeleg fram kva endringar som er gjort under opphaldet. Er nokon medisinar lagt til eller teke bort, eller er det gjort endringar i doseringa?
Sju spørsmål som desse vart vurderte etter kor godt dei var svarde på. Der alle endringar var dokumenterte gav det to poeng, nokre endringar, men ikkje alle, gav eitt poeng, og null poeng der ingen endringar var dokumentert.
Framleis rom for forbetring
– Den samla skåren til informasjonen til IMM-pasientane låg på ti poeng, medan kontrollgruppa hadde seks poeng av altså fjorten moglege.
At risikoen for feil vert redusert når ein gjev riktig informasjon, verkar ganske opplagt. Meir overraskande er det kanskje at feil er såpass utbreidde som dei er.
– Nettopp derfor er det så viktig med kliniske farmasøytar som kan IMM. Vi veit at feila finst, så vi må jobba med å fjerna dei. Og sjølv om studien vår viser at IMM verkar, ser vi òg at det er rom for forbetring òg der IMM har vore brukt.
Den vitskaplege artikkelen
Mathiesen m.fl.: Effect of integrated medicines management on quality of discharge medication information – a secondary endpoint in a randomized controlled trial. International Journal for Quality in Health Care, Oct 2024