Molekylet døyvar smerte – men berre hjå hannar

Forskarane testa den smertestillande effekten av eit nyutvikla mogleg legemiddelmolekyl. Molekylet viste seg å vera kjønnsdiskriminerande.

Underkroppen til ein mann i kortbukse som held seg på eit tydeleg raudt og betent kne

Betennelsar fører ofte med seg smerte. Foto: Pixabay

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 11. nov. 2024

Superfeittsyrer har potensial til å bli nye legemiddel mot betennelsar som ikkje vil gå over. forskning.no har tidlegare skrive om korleis Karina Ervik har bygd ein syntetisk versjon av molekylet til superfeittsyra RvD5n-3 DPA, som finst naturleg i kroppen.

– Neste steg har vore å byggja eit molekyl som har dei same betennelsesdempande eigenskapane som RvD5n-3 DPA, men som ikkje vert brote like raskt ned i kroppen, seier Ervik, som i november disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Vi veit kva del av molekylet som er utsett i nedbrytingsprosessen, så den delen har vi endra. Resten har vi behalde, i håp om at vi då òg beheld dei eigenskapane vi ynskjer. Tanken er at det nye molekylet vil ha lengre tid på seg til å verka i kroppen før det vert brote ned.

Studerte den smertestillande effekten

Det tok Ervik eit halvt år med målretta arbeid på laben å byggje det nye molekylet. Deretter vart det send til testing av samarbeidspartnerar ved Duke University i USA. Dei forskar på nevropatisk smerte, smerte som skriv seg frå skade eller sjukdom i nervesystemet.

– Poenget er at betennelsar ofte fører med seg smerte, så vi ville testa den smertelindrande effekten av det nye betennelsesdempande molekylet. Verda har eit stort behov for nye smertestillande medikament utan biverknadar og fare for avhengigheit, forklarar Ervik.

– Vi testa det gamle molekylet mitt, RvD5n-3 DPA, og det nye molekylet, saman med eit kommersielt innkjøpt molekyl som strukturelt er veldig likt våre to. Forsøksmus vart påførde smerte, slik at vi kunne studera den smertestillande effekten av kvart av dei tre molekyla.

Spennande resultat

Karina Ervik
– Kanskje vi har funne ein kur mot man-flu?, seier Karina Ervik. Foto: Privat

Med små variasjonar verka molekyla omtrent likt: dei gav ein del smertelindring etter ein time og etter tre timar, men etter fem timar var effekten for det meste borte.

Men det mest slåande var at dei berre såg denne effekten hjå hannmusene. Hoene hadde ingen effekt av nokon av molekyla.

– Heilt uventa var det ikkje, for den same kjønnsforskjellen har vore observert tidlegare i det kommersielt innkjøpte molekylet som var med i studien. Det er eit veldig spennande resultat, og vi veit ikkje kvifor det er slik., seier Ervik.

Ikkje oppdaga andre kjønnsdiskriminerande molekyl

–  Desse molekyla verkar ved å festa seg til ein såkalla reseptor på cellemembranen. Det er det forska mykje på, men ikkje så mykje på sjølve reseptoren. Både hannar og hoer har han, men kanskje får dei ulike responsar når reseptoren blir aktivert?

– Eller festar molekylet seg kanskje i tillegg til ein annan reseptor hjå hannane, som vi ikkje har oppdaga enno? Eller er årsaka noko heilt anna?

Ervik fortel at innan hennar felt er det ikkje oppdaga andre kjønnsdiskriminerande molekyl, men at det ikkje nødvendigvis betyr at dei ikkje finst.

– Hannmus vert oftare brukte i denne typen forsøk, forklarar ho.

Berre testa i musemodellar

– Så det kan godt henda at molekyla finst, men dersom dei berre er testa på hannmus, vil ein sjølvsagt ikkje kunna observera kjønnsforskjellar heller.

Spørsmålet er om ho ser for seg eit framtidig legemiddel som berre verkar på menn og ikkje kvinner?

– Tja … Det måtte vera om vi endeleg fann ein kur mot man-flu, smiler ho.

– Men vi må hugsa på at molekyla berre er testa i musemodellar. Om vi ville ha sett dei same forskjellane hjå menneske veit vi ingenting om endå.

Den vitskaplege artikkelen

Ervik m.fl.: Synthesis of the methyl ester of 17(R/S)-Me-RvD5n-3 DPA and relief of postoperative pain in male mice. Organic & Biomolecular Chemistry, Oct 2024

Publisert 11. nov. 2024 06:42