Tilgangen på livsviktige hjartemedisinar vart ikkje hemma under pandemien

Forskar meiner mykje av forklaringa ligg i at Noreg har gode e-helsetenester og at apoteka ikkje stengde.

Farmasøyt hjelper ein eldre mann i apotek. Begge har munnbind

Apoteka var opne under heile nedstengingsperioden. Foto: Colourbox

Kvelden var mørk. I matbutikkane var køane lange. Mange var utrygge, ein del var redde. 12. mars 2020 var kanskje mest av alt fylt av usikkerheit. Kor lenge skal dette vara? Korleis blir livet når samfunnet vert stengd ned?

Ei stor gruppe som hadde ekstra bekymringar i tillegg til dei som alle andre hadde, var dei som stod på livsviktige legemiddel. Personar med kroniske sjukdommar får utlevert reseptmedisinar tilsvarande tre månaders forbruk, så dei fleste hadde ikkje meir enn dette i heimen ved nedstenginga. Ville dei framleis ha tilgang på det dei hadde behov for?

– Uthenting av legemiddel følgjer eit fast mønster gjennom året. Det er ein markert topp i desember, då mange hentar ut medisinar medan frikortet deira enno gjeld. Så er det ei nokon lunde jamn stigning frå januar igjen, med ein liten dupp på sommaren, seier professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Uråd på samanlikna direkte

– For legemiddel for hjarte-/kar-sjukdomar, som vi har sett på, er det ein utypisk topp i mars 2020, då den fyrste nedstenginga starta. Det er tydeleg at mange har sytt for å sikra seg eit lager.

Hjartepasientane kunne sjølvsagt ikkje vita det då, men dei hadde ikkje trengt å bekymra seg. Nordeng tilhøyrer ei gruppe forskarar som har funne at tilgangen på hjarte-/kar-medisinar i Noreg ikkje vart nemneverdig påverka av eit nedstengd samfunn.

– Studiar frå andre land har sprikt. Nokre har rapportert om at det har vore vanskar med nokre hjarte-/kar-medisinar, andre at tilgangen har vore som normal under pandemien. Men forskarane bak desse studiane har brukt ulike metodar og material som gjer det uråd å gjera direkte samanlikningar, seier Nordeng.

Starten på pandemien

Hedvig Nordeng lenande mot gelender i ei trapp
– Vi har lært mykje om e-helsetenester og kva apoteka betyr for befolkninga sin tilgang til medisinar under ein pandemi, seier Hedvig Nordeng. Foto: PharmaSafe

– Ingen av dei er heller gjorde i Noreg, og det vil sjølvsagt ha noko å seia korleis samfunnet møtte pandemien, og kva restriksjonar som vart sette inn. Sverige valde som kjent ei anna tilnærming enn oss, slik at ei direkte samanlikning vert vanskeleg.

Nordeng og kollegane har samla data frå ulike norske helseregister for heile 4 millionar nordmenn. Av desse hadde 17 % ein hjarte-/kar-sjukdom ved starten av pandemien. Dataa utsette dei for ein såkalla avbroten tidsserieanalyse.

– I denne samanhengen betyr  «avbroten» at det er  eit punkt i tidsserien kor me samanlikna før- og ettertilstand, forklarar Nordeng.

– I vårt tilfelle er dette punktet altså starten på pandemien som er brotet.

Digitale verktøy klare til bruk

Med unntak av det store hoppet akkurat då landet stengte ned, fann altså ikkje forskarane nemneverdige endringar i bruken av hjartemedisinar. Det er nyttig kunnskap før ein eventuell ny pandemi, både for Noreg og for andre land med mange hjarte-/kar-pasientar.

– Vi meiner det er to hovudgrunnar til dette. Den eine er at apoteka var tilgjengelege. Mange stader var det slik at apoteka, ved sida av matbutikkane, var dei einaste butikkane som var opne. Dei nettbaserte apotektenestene som alt fanst gjorde òg at det var råd å få medisinane tilsendt i posten, seier Nordeng.

– Den andre hovudgrunnen er at det fanst digitale verktøy som var klare til å takast i bruk, slik at legane kunne ha e-konsultasjonar utan fysisk frammøte. Det var òg viktig at dei fekk same taksten for digitale som for fysiske konsultasjonar.

Nyttig for andre land

Nordeng understrekar at studien deira ikkje omfattar alle typar legemiddel.

– I denne studien har vi berre undersøkt hjarte-/kar-medisinar, men vi gjer eigne undersøkingar hjå barn og hjå pasientar med psykisk sjukdom, seier Nordeng.

– Vi har lært mykje om e-helsetenester og kva apoteka betyr for befolkninga sin tilgang til medisinar under ein pandemi. Det er ikkje berre viktig for pandemiberedskapen i Noreg, men kan òg vera nyttig for andre land.

Den vitskaplege artikkelen

Nordeng m.fl.: Impact of COVID-19 pandemic on dispensing of cardiovascular drugs in Norway: An interrupted time series study. American Journal of Preventive Medicine, Nov 2023

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 6. mars 2024 12:07 - Sist endra 8. mars 2024 09:42