Tre moglege vegar til nye kreftbehandlingar

Kan legemidla fraktast rett til svulsten og verka berre der, kan pasientane unngå belastande behandling som verkar på heile kroppen og gjev biverknadar.

Athar Mahdieh i labfrakk blant instrument i laboratoriet

– Fyrst testar vi metodane i laboratoriet, seier Athar Mahdieh. Foto: Privat

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 3. okt. 2024

Den vanlegaste forma for behandling av kreft er cellegift. Fordi gifta verkar på alle cellene i kroppen, ikkje berre kreftcellene, får pasientane ofte biverknadar som nedsett immunforsvar, kvalme, diare og slappheit.

Derfor er interessa stor for å finna alternativ til dagens cellegiftbehandling. Ein moglegheit er å bruka såkalla nanotransportørar til å frakta legemidla til kreftsvulsten, og ikkje frigjera dei før dei er der dei skal verka.

– Ein del stoff som kan verka på kreftceller har den ulempa at dei lett let seg bryta ned i kroppen. Dermed vert dei skilde ut av kroppen før dei får sjansen til å verka, seier Athar Mahdieh, som i oktober disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Raskt brote ned i kroppen

Mahdieh har studert tre ulike tilnærmingar til bruk av nanotransportørar. Metodane er testa fyrst in vitro, altså i laboratoriet, og deretter på mus, eller in vivo, som det heiter når ein brukar levande forskingsobjekt.

– I den fyrste studien brukte vi eit planteekstrakt. Mange planteekstrakt har eigenskapar som verkar mot kreft, så vi brukte nanotransportørar til å frakta ekstraktet til svulsten, forklarar Mahdieh.

– Den neste studien gjekk ut på å frakta 5-fluorouracil til kreften. 5-fluorouracil er svært giftig, så du ynskjer ikkje meir av det rundt i kroppen enn nødvendig. Samstundes vert det raskt brote ned i kroppen, så ein må tilføra desto meir for at det skal ha effekt.

Til sist brukte dei nanotransportørar til å frakta siRNA, små bitar av RNA som skal hindre aktiviteten til eit gen som heiter STAT3, og som stimulerer cellevekst i svulsten.

Overrepresenterte i kreftceller

– Alle tre viste seg å vera effektive, sjølv om vi varierte designet av studiane noko. I den fyrste vart mysene påførde hudkreft, medan det var brystkreft i dei to neste, fortel Mahdieh.

– I ein studie målte vi volumet av svulsten, medan i ein annan målte vi fordelinga av nanotransportørane i musa sin kropp. Vi undersøkte òg nivået i blodet av visse enzym som kan seia oss noko om biverknadane..

Ho fortel at dei heile tida utvikla metodane.

– I den fyrste studien brukte vi til dømes nanotransportørane åleine, men i dei to neste knytte vi dei til ligandar som hyaluronsyre og folsyre, seir Mahdieh.

– Ligandar er molekyl som bind seg til ein bestemt mottakarstad på cellemembranen. Reseptorane som våre ligandar festar seg til, er overrepresenterte i kreftceller, og dermed finn nanotransportørane med verkestoffet lettare vegen til rett stad. Denne typen målretta behandling kallar vi active targeting.

Mahdieh disputerer 18. oktober.

Publisert 3. okt. 2024 13:45 - Sist endra 3. okt. 2024 14:37