I november i år møttest 22 forskarar frå fjorten land ved International Agency for Research on Cancer (IARC) i Lyon i Frankrike. Blant dei var professor Angela Lupattelli frå Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
Møtet var kulminasjonen av ein prosess som starta før sommaren, der farmasøytar, legar og biologar fekk i konkret oppdrag av IARC å vurdera om desse tre medisinane var kreftframkallande.
– Dei tre medisinane var hydroklortiazid, vorikonazol og tacrolimus. Den fyrste er en vanleg blodtrykkssenkande medisin. Vorikonazol vert brukt mot alvorlege soppinfeksjonar, som som oftast førekjem hjå personar som har fått ein organtransplantasjon og andre med nedsett immunforsvar.
Auka risiko for virusinfeksjonar
– Mange som har fått eit organ transplantert treng behandling med tacrolimus, eit immunhemmande legemiddel som skal hindra kroppen i å støyta bort det framande organet, fortel Lupattelli.
– Dessverre viste det seg at IARC sin mistanke var riktig. Det var «tilstrekkeleg bevis» for at alle tre var karsinogene, altså at dei kan framkalla spesifikke typar kreft.
Lupattelli forklarar at det ikkje alltid er så lett å skilja legemiddelbruken frå andre risikofaktorar.
– Tacrolimus hemmar for eksempel immunsystemet, som sagt. Dermed aukar risikoen for virusinfeksjonar, for eksempel Epstein-Barr-virusinfeksjon, som i sin tur kan forårsaka kreft. Vi veit at tacrolimus er ein risiko åleine, men kor mykje er tacrolimus uavhengig av infeksjonar og svekka immunsystem? Det veit vi ikkje, seier Lupattelli.
Skaffar kunnskapsgrunnlag
– Litt liknande reagerer hydroklortiazid med sollys og aukar risikoen for hudkreft. Det gjer det jo endå viktigare å beskytta seg grundig, for sola er jo som kjend ein risikofaktor åleine for hudkreft.
Funna til IARC set helsemyndigheitene i eit dilemma.
– IARC skaffar berre kunnskapsgrunnlaget. Det er andre organ, på europeisk og nasjonalt plan, som kjem med kliniske retningslinjer for bruk av legemiddel, forklarar Lupattelli.
Ei vanskeleg vurdering
Dilemmaet er kva råd ein skal gje når eit legemiddel har svært alvorlege biverknadar, men det ikkje finst brukbare alternativ.
– Det er eit dilemma som gjeld alle legemiddel. Dei fleste av dei har større eller mindre biverknadar, så då vert det å vurdera nytten og moglege alternativ opp mot alvorlegheitsgraden av biverknadane, seier Lupattelli.
– For tacrolimus finst det ingen alternativ. Så kva kliniske anbefalingar skal ein gje? Det vert ei vanskeleg vurdering. Ei mogleg løysing kan vera at pasientane vert regelmessig sjekka for dei spesifikke krefttypane som ei ulike legemidla er ein risiko for.
Betre å kjenna til risikoen
Sjølv om funna var nedslåande, fann Lupattelli prosessen inspirerande.
– Å arbeida saman med dyktige internasjonale forskarar på den måten gjer meg motivert til å delta i fleire slik studiar, både i regi av IARC, og på sikt gjerne i eit nordisk samarbeid, seier ho.
– Og vi må ta med at det er positivt at vi får meir kunnskap om farane ved legemidla vi brukar, sjølv om det kan føra til at vi må revurdera bruken av dei. Risikoen er jo der uansett, så det er betre at vi kjenner til han enn at vi ikkje gjer det.
Rapporten vil bli publisert i ein monografi frå IARC over nyttår, men ei oppsummering er alt publisert i prestisjetunge The Lancet Oncology.
Den vitskaplege artikkelen
Cogliano, Lupattelli m.fl.: Carcinogenicity of hydrochlorothiazide, voriconazole, and tacrolimus. The Lancet Oncology, Nov 2024