Inntil nyleg var radiofarmasi – behandling med radioaktive legemiddel – ein nisjeaktivitet som i hovudsak fann stad på sjukehus.
– Men i det siste har vi hatt suksess med visse typar for terapi òg, ikkje berre diagnostisering som tidlegare, fortel fyrsteamanuensis Verena Pichler ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
– Så no opplever vi ein sterk vekst innan feltet, med etablering av mange ulike nye farmasøytiske selskap.
Redusert til ni prinsipp
Pichlers prinsipp for grøn radiofarmasi
- Avfallplanlegging og førebygging
- Resirkulering og gjenvinning av radioaktivt materiale
- Design for energieffektivitet
- Effektiv utnytting av radiofarmaka
- Reinare bestrålingsteknologiar
- Standardiserte prosessar og dokumentasjon
- Smart forsking og utvikling
- Berekraftig produksjonsutstyr
- Sikrare reagensar og løysemiddel
I raskt veksande industriar der vegen vert til mens ein går, er det ofte slik at det dukkar opp problem undervegs som ein ikkje hadde føresett, og som ein så må utvikla løysingar på. Pichler har alt identifisert ei utfordring å ta tak i for radiofarmasien: å gjera han berekraftig.
«Grøn kjemi» vart for alvor eit tema på slutten av 1990-talet. Pichler har sjølv vore på forelesing og latt seg inspirera av Paul Anastas, som saman med John C. Warner i 1998 formulerte tolv prinsipp for grøn kjemi som mange lever etter i dag òg i farmasøytisk forsking og industri.
– Med utgangspunkt i desse tolv prinsippa har vi vore fleire som har arbeidd med å tilpassa dei til radiofarmasien. Vi har redusert talet til ni, seier Pichler.
– Det er nokre forskjellar mellom radiofarmasi og kjemi som gjer at vi ikkje utan vidare kan bruka kjemiprinsippa på radiofarmasien.
Påverknad av transport
Som eitt døme nemner ho løysemiddel.
– Når eit legemiddelfirma masseproduserer eit legemiddel, har det mykje å seia om ein brukar eit bionedbrytbart løysemiddel, sidan det er snakk om store volum, forklarar Pichler.
– Men innan radiofarmasien behandlar vi kanskje berre ein eller to pasientar om gongen. Dermed har løysemiddelet mykje mindre å seia i forhold. Det er andre ting som har mykje større innverknad på om bruken er berekraftig.
Eitt av områda som har meir påverknad innan radiofarmasien er transporten.
Bevisst på kunstig intelligens
– I radiofarmasien arbeider vi med radionuklidar som kan ha ei halveringstid så kort som eitt eller to døgn. Det har delvis med framstillingsprosessen å gjera, men òg av omsyn til pasienten. Det er radioaktive substansar vi har med å gjera, og vi ynskjer ikkje å utsetja pasienten for meir stråling enn nødvendig, seier Pichler.
– Den korte halveringstida gjer at vi ikkje kan produsera legemidla i eit anna land, som i tradisjonell farmasøytisk industri. Generatoren som genererer nuklidane må fraktast frå ein kjernereaktor til å vera nært nok pasientane til at dei kan få legemiddelet medan det enno har effekt.
Kunstig intelligens er eit anna område å vera bevisst på.
– KI opnar på den eine sida store moglegheiter i jakta på nye verkestoff, både innan radiofarmasi og innan farmasi generelt. Samstundes veit vi at KI er eit energisluk, så her må fordelar og ulemper vegast opp mot kvarandre.
Ut av startgropa
Pichler ventar ikkje at dei foreslegne prinsippa hennar skal takast i bruk på direkten.
– Eg ynskjer fyrst og fremst å starta diskusjonen og vekkja merksemda om berekraftperspektivet hjå dei som jobbar innan radiofarmasi, seier ho.
– Hugs at kjemien vart hundrevis av år gammal før ein fekk prinsippa om grøn kjemi. Prinsipp for grøn radiofarmasi kan vi få med oss så å seia ut av startgropa.
Den vitskaplege artikkelen
Pichler m.fl.: How green are radiopharmaceutical sciences?, Nuclear Medicine and Biology, May-June 2025