Kvinner som debuterer med antidepressiva i svangerskapet, sluttar ofte raskt

Bruk av andre psykofarmaka og genetisk disponering ser ut til å spela ein rolle for avgjerda.

Silhuett av høygravid mot solnedgangen

Studien omfatta 87 kvinner som starta behandling med antidepressiva i det fyrste trimesteret av svangerskapet. Foto: Pixabay

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 11. aug. 2025

«Når verden går meg imot, og det unnlater den sjelden å gjøre når det gis noen leilighet til det …», skreiv P. Chr. Asbjørnsen ein gong. Han er ikkje den einaste som har hatt det tungt innimellom. Nokre utviklar alvorlege nok symptom til at dei begynner med antidepressive legemiddel.

Og då passar det ikkje alltid så godt å bli gravid omtrent samstundes. Stipendiat Alexis Carson ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo har sett på korleis bruken av antidepressiva i svangerskapet utviklar seg hjå kvinner som brukar slike medisinar for fyrste gong.

– Eg har brukt opplysningar frå den store MoBa-undersøkinga, og sett på bruken av antidepressiva hjå kvinner utan ein forhistorie med angst eller depresjon før svangerskapet, seier ho.

Ein knapp femtedel heldt fram

Forskarane identifiserte 1879 gravide som hadde ein episode med angst eller depresjon i svangerskapet, utan at dei hadde hatt slike episodar i løpet ab det siste året før svangerskapet. Blant desse gjekk dei vidare med 87 kvinner som starta behandling med antidepressiva i det fyrste trimesteret, den fyrste tredjedelen, av svangerskapet.

– Nesten halvparten avbraut behandlinga etter kort tid, det vil seia innan det same trimesteret. Ein dryg tredjedel avslutta medisineringa i det andre trimesteret, fortel Carson.

– Berre ein knapp femtedel heldt fram med behandlinga gjennom heile svangerskapet.

Mange gravide avbryt medisinbruk

Alexis Carson
– Vi veit at mange gravide avbryt medisinbruk under svangerskapet fordi dei er usikre på om det er trygt for fosteret, seier Alexis Carson. Foto: UiO

Carson har ingen opplysningar om kvifor bruken av antidepressiva har blitt avslutta, berre at det har skjedd. Men ho har ei nærliggjande mogleg forklaring på nokre av dei raske avslutningane:

– Det er jo sannsynleg at enkelte har starta behandlinga så kort tid etter siste menstruasjon at dei ikkje har vore klar over at dei har vore gravide. Så sluttar dei når dei blir klar over graviditeten, seier Carson.

 – Vi veit jo at mange gravide avbryt medisinbruk under svangerskapet fordi dei er usikre på om det er trygt for fosteret. Det gjeld mange fleire legemiddel enn antidepressiva, og har nok spela ein rolle for mange av kvinnene i vår undersøking òg.

Brukte mange nok legemiddel

Eit interessant funn var at kvinner som brukte andre psykofarmaka, hyppigare avbraut bruken av antidepressiva.

– I denne studien har vi berre sett på bruken av antidepressiva. Dermed veit vi ikkje om dei har avbrote behandlinga med andre legemiddel – som for eksempel psykofarmaka – samstundes med at dei slutta med antidepressiva, forklarar Carson.

– For det er òg mogleg at dei opplevde at dei brukte mange nok legemiddel som det var, og ikkje ville leggja til eitt til.

Meir tilbøyelege med forhistorie

Eit anna funn som ikkje så lett let seg forklara, ligg i gena til brukarane.

– Nokre menneske er meir genetisk disponerte for å utvikla depresjon. Kvinnene som hadde denne disposisjonen, avslutta hyppigare bruken av antidepressiva, utan at samanhengen er heilt opplagt. Resultata var signifikante, men det må takast med at utvalet var lite, seier Carson.

– Eg samanlikna òg dei 87 fyrstegongsbrukarane med resten av gruppa på 1879. Då viste det seg at dei med ein forhistorie med antidepressiva eller diagnose var tilbøyelege til å starta behandling med antidepressiva i svangerskapet enn dei utan ein slik forhistorie.

Den vitskaplege artikkelen

Carson m.fl.: Initiating antidepressant treatment in pregnancy: Timing, intensity, and influential maternal and familial factors. Journal of Affective Disorders, Nov 2025

Publisert 11. aug. 2025 13:59 - Sist endra 11. aug. 2025 14:20