Medisinplante på fortauskanten

Utstyrte med oversikter over tradisjonelle medisinplantar jaktar forskarane på nye legemiddel mot betennelsar. Forskingsmaterialet kan dei finna på dørstokken sin.

Nærbilete av tunbalderbrå som veks langs eit fortau

Mellom asfalt og kantstein har tunbalderbrå funne sin heim. Foto: Torstein Helleve/UiO

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 14. aug. 2025

– Der er ein tunbalderbrå, men den var litt puslete.

Vi går to meter til før Andrea Angelov Eltvik set seg på huk og plukkar ein liten bukett av ein plante som pressar seg opp mellom asfalten og kantsteinen. Dei fleste av oss ville tenkja på han som ugras, dersom vi i det heile tatt registrerte han der vi hasta forbi. Men for Eltvik har planten interesse som kjelde til potensielle nye legemiddel.

Mange plantar som vart brukte i folkemedisinen er ikkje særleg undersøkt for verkestoff som kan nyttast i legemiddelindustrien. Ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo har forskarar i fleire år studert slike plantar, med utgangspunkt i gamle, skriftlege kjelder. Eltvik er stipendiat ved instituttet og ein av desse forskarane.

– Eg har teke utgangspunkt i arbeida til tre forfattarar som alle samla inn opplysningar om gamle medisinplantar i førre hundreår, seier ho.

To ekstrakt frå kvar plante

– Dei beskreiv kva plantar som skulle hjelpa mot kva sjukdommar. Dei fortalde kva delar av planten som vart brukt, om det var røtene, blada eller heile planten, og når den skulle haustast. Nokre gonger har dei òg beskrive om dei har laga ekstrakt i etanol, i vatn eller til og med i feitt. Det er nyttig når vi skal simulera dei gamle oppskriftene.

Eltvik valde fyrst ut dei plantane som var blitt brukte til å behandla ulike typar betennelsar, alt frå betente sår til leddgikt. Så sjekka ho forskingsdatabasane PubMed og Web of Science for å sjå kva for nokre av plantane som var lite forska på og som det dermed mangla god nok kunnskap om.

– Vi enda opp med tolv plantar som vi ville undersøkja nærmare. I laboratoriet laga to ekstrakt frå kvar plante, eitt i etanol og eitt i diklormetan, fortel Eltvik.

Beskytta tarmveggen

Andrea Angelov Eltvik sit på kne framfor Farmasibygningen med ein liten bukett tunbalderbrå
Berre nokre få meter frå inngangen til Farmasøytisk institutt kan Andrea Angelov Eltvik finna tunbalderbrå. Foto: Torstein Helleve/UIO

– Så testa vi desse ekstrakta på cellekulturar som vi hadde påført ein betennelse. Ved å måla nivåa på bestemte markørar såg vi kva planteekstraktar som reduserte betennelsen mest.

Vidare undersøkte dei om nokre av ekstrakta kunne beskytta mot biverknadar av legemidla som går under nemninga NSAIDs. Det er mykje brukte betennelsesdempande legemiddel, og omfattar mellom anna kjende legemiddel som Ibux, Voltaren og Naproxen.

– Ulempa med desse er at dei kan forårsaka mageplager. Vi ynskte derfor å sjå om ekstrakta kunne beskytta cellene i tarmveggen, forklarar Eltvik.

Gråor

– Vi dyrka fram celler som etterliknar tarmcellene, og testa dei i to løysingar: ei som inneheldt ein NSAID, og ei som inneheldt den same NSAIDen pluss ekstraktet som skulle testast. Ved å senda straum gjennom cellelaget kunne vi måla motstanden. Di mindre motstand, di større sjanse for at det er skadar på cellene. Der vi målte større motstand, antok vi at ekstraktet hadde ein betre beskyttande effekt.

Til slutt undersøkte dei den kjemiske profilen til ekstrakta for å finna innhaldet av fenolar, ein type kjemiske forbindelsar som er kjend for å ha god effekt mot betennelsar.

– Her såg vi at etanolekstrakt frå gråor og skogstorkenebb hadde spesielt høgt innhald av desse forbindelsane.

Då dei skulle plukka ut to plantar dei skulle gå vidare med forsking på, var det likevel berre gråor av desse to som vart med. Gråor er eit av dei vanlegaste treslaga i Noreg, og finst over det meste av landet.

Samanlikna med kamille

Den andre er altså tunbalderbrå, som vi møtte i innleiinga på fortauet framfor Farmasøytisk institutt. Med ein norrøn gud i namnet skulle ein tru planten hadde vore her i landet i tusenvis av år, men han stammar faktisk frå Amerika og kom antakeleg fyrst på 1800-talet her til landet.

– Dermed har den heller ikkje så lange tradisjonar innan folkemedisinen, anna enn at den har blitt brukt i ein sårsalve, seier Eltvik.

– Men den er i slekt med kamilleblomen, som har blitt brukt mot mange tilstandar: betennelsar, angst, søvnløyse, mageplager og meir til. Så no er eg i gang med å samanlikna tunbalderbrå med kamille, for å sjå om tunbalderbrå kan ha tilsvarande effektar.

Den vitskaplege artikkelen

Eltvik m.fl.: In vitro anti-inflammatory properties of twelve Norwegian medicinal plants. Journal of Ethnopharmacology, Aug 2025

Publisert 14. aug. 2025 10:43 - Sist endra 14. aug. 2025 14:16