Mikrobiomet i tarmane våre har fått ein del merksemd dei siste åra, ikkje berre i forskingsmiljøa, men òg i media. At huda har sitt eige biom av mikroorganismar er ikkje like kjend.
– Det er milliardar av mikroorganismar som lever på huda vår. Ein god balanse mellom dei er viktig, mellom anna for å førebyggja infeksjonar og sikra god sårheilning. Dei er fyrstelinjeforsvaret mot patogene, altså sjukdomsframkallande, mikroorganismar, seier stipendiat Susanne Glenna ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Ho tek doktorgraden sin ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, veileda av Trine B. Rounge og Ole Andreas Økstad.
Forskingsleiar Øyvind Voie ved FFI forklarar kvifor hudmikrobiomet er interessant for Forsvaret:
– Dei spesielle miljøa og utfordringane militærpersonell er utsette for under øvingar og elles gjer dei òg meir utsette for infeksjonar og betennelsar. Det kan vera alt frå rifter fordi ein er så mykje i terrenget, til skotskadar, seier han.
Unik moglegeit
– Under øvingar som Cold Response baskar soldatane rundt i snø, jord og gjørme. Dei hygieniske tilhøva er sjølvsagt heller ikkje som det vi er vane med i det daglege.
Saman med andre forskarar har dei to gjort ein studie der dei undersøkte hudmikrobiomet til nitten soldatar som deltok under Nato-øvinga Cold Response på Rena i 2022.
– Å studera soldatar – som bur, trenar og møter ekstreme miljø saman – gjev ein unik moglegheit til å utforska korleis delt miljøeksponering og endra hygiene i felt kan endra huda sitt bakterielle landskap, seier Glenna.
Hudfloraen endra seg under øvinga
– Vi tok prøvar frå hender og underarmar dagen før øvinga starta. Vi tok nye prøvar då øvinga var slutt ti dagar seinare, og fylgde opp med prøvar tre veker etter at soldatane var komne heim.
Prøvane vart DNA-sekvenserte med ein metode som identifiserer slekter av bakteriar, og med bioinformatikk kartla dei mangfald og samansetjing både innan enkeltprøvar og mellom ulike prøvar.
– Som venta endra hudfloraen hjå den enkelte seg under øvinga. Vi såg òg at forskjellane mellom bioma til soldatane vart mindre etter ti dagar i felt. Det er nok ikkje så rart. Dei spring rundt i dei same skogane, er mykje saman og søv i same telt, fortel Voie.
Motstandsdyktig mot endringar
– Vi kunne òg sjå ein auke i bakteriar som er vanlege i jord, plantar og vatn. Heller ikkje det er ein uventa miljøpåverknad.
Etter tre veker viste prøvane at bioma hadde skilt seg frå kvarandre att. Men alt var ikkje som før øvinga.
– Alle hadde ein endra bakterieflora samanlikna med utgangspunktet. Men vi veit ikkje om det betyr at dei har fått ein ny normaltilstand, eller om det berre betyr at tre veker er for kort tid til å koma tilbake til den gamle normalen, seier Glenna.
– Vi såg òg at medan bakteriane frå miljøet – jorda, plantane, vatnet – nesten var borte frå hendene, vart dei verande lenger på underarmane. Årsaka kan vera at vi vaskar hendene oftare, men òg at floraen på hendene er meir motstandsdyktig mot endringar. Hendene er jo meir eksponerte for miljøet rundt oss enn underarmane.
Bakteriar i fleirtal
Voie understrekar at dette er å rekna som ein innleiande studie. Mykje forsking står att før det vert snakk om tiltak som kan brukast i felten.
– Som sagt har vi brukt ein metode som berre kartlegg slekter av bakteriar. Men innan ei og same slekt kan det finnast både nyttige og potensielt skadelege artar, så her trengst det meir detaljert kartlegging, legg Glenna til.
– Og bakteriane er ikkje dei einaste mikroorganismane som lever på huda vår, sjølv om dei er i fleirtal. Til dømes inngår sopp og virus òg i mikrobiomet.
Den vitskaplege artikkelen
Glenna, Voie m.fl.: Skin bacterial community dynamics of hands and forearms before and after military field exercise. Microbiology Spectrum, Apr 2025