Blodårene er kroppen sitt transportsystem. Blodet fraktar næringsstoff, avfallsstoff, signalstoff og så vidare frå dei sentrale organa ut til dei mest avsidesliggjande hårrøyra og tilbake igjen. Sidan blodet sirkulerer rundt i oss frå topp til tå. så inneheld det òg masse informasjon om ulike prosessar som skjer i kroppen Med alle greiene som skal sjauast hit og dit er det ikkje urimeleg å sjå på blodet som ei salig suppe.
– Blod har utruleg mange komponentar. Det inneheld veldig mange protein. Nokre finst det mykje av, og dei er lette å sjå når ein skal analysera ein blodprøve og bestemma mengda av dei, seier Ago Mrsa, som før jul disputerte for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
– Men så er det veldig mange andre protein i svært låg konsentrasjon, men som likevel er klinisk relevante. Slike protein blir gjerne kalla biomarkørar, fordi dei kan fortelja noko om helsetilstanden til personen blodet kjem frå.
Startar prøveopparbeidinga på papiret
Dei fleste har blitt tappa blod av når ein tek blodprøve. Mrsa jobbar med ei meir skånsam form for prøvetaking.
– Alt i dag tek ein blodprøvar av nyfødde ved å gje dei eit lite prikk på hælen, og så fangar ein bloddropen med eit filterpapir, forklarar Mrsa.
– Men når ein har så lite prøvemateriale og leitar etter komponentar i blodet som det er låg konsentrasjon av, krev det mykje opparbeiding av prøven i laboratoriet for å finna det ein er ute etter.
Løysinga som Mrsa jobbar med, er å starta prøveopparbeidinga alt på papiret.
Blodvæske utan blodceller

– Ein måte å reinsa opp ein blodprøve slik at vi berre står igjen med det proteinet vi ynskjer å måla, er ved bruk av antistoff. Ein kan tenkja på antistoff som ekstremt kresne detektivar. Kvart antistoff gjenkjenner éin heilt bestemt struktur på eit protein eller andre molekyl, og berre den strukturen. Antistoffet vert som ei usynleg hand som berre held fast i éin bestemt ting i ei stor, rotete suppe av molekyl, seier han..
– Så det eg gjer, er å behandla papiret kjemisk med antistoff slik at antistoffet festar seg til papiret. Når prøven har turka på papiret, kan eg skola vekk blodet. Det som heng att på papiret, er antistoffet, og det som heng att på antistoffet er proteinet eg er ute etter.
I laboratoriet er det ikkje friskt blod det går i når Mrsa utfører testane sine, men blodserum. Det er blodvæska utan blodceller, ei klar, gul væske.
Ta arbeidet eit steg vidare
– Årsaka er at serum let seg frysa ned utan problem. Dersom ein frys ned friskt blod, sprekk blodcellene, og det vert ganske sølete. Men i ein klinisk situasjon vil ein som regel bruka friskt blod.
Mrsa sitt arbeid byggjer på forsking utført av veiledaren hans, professor Leon Reubsaet, saman med professor Trine Grønhaug Halvorsen.
– Målet mitt har vore å ta arbeidet eit steg vidare, frå laboratoriebenken og nærare klinisk bruk, fortel han.
Klare for neste steg
Skal det skje, må han fyrst visa at resultata av prøveopparbeidinga er minst like god som eksisterande metodar. Og det har han gjort.
– Eg har vidareutvikla metoden ved å testa kva som fungerte og kva som ikkje gjorde det, og optimalisert til eg er fornøgd. Eg har validert han opp mot European Medical Agency (EMA, Det europeiske legemiddelrådet) sine retningslinjer for bioanalytiske metodar. Både metoden og analyseinstrumenta våre har vist svært gode resultat, seier han.
– Eg har òg samanlikna ytinga med to andre metodar, ein som er utvikla her i vår forskingsgruppe og ein kommersiell. Resultata har ikkje vist nokon forskjell, så no bør vi vera klare for å ta neste steg.