Natur og kultur
Ei naki grein
Ei naki grein med blodraud bær
og ei som bladrik blømer,
på kvar sin måte fagre er
for den som kjærleg dømer.
Den eine gjev sin ange, ho,
der ljuv ho ligg og blømer.
De andre gjev sitt hjarteblod
når lauv for haustvind rømer.
Den ene skin og strålar, ho,
den andre brenn og mognar
og gjev til sist sitt hjarteblod,
der tung av bær ho blognar.
Eg gav deg den med blomar på.
Eg gjev deg den med bæri.
Kven rikast er vil du få sjå
litt lenger fram på ferdi
Olav Aukrust. Dikt (1916)
Sage over greina man sitter på.
Komme fra den grønne gren.